Fortid
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå tidsskriftet Fortid.
Fortid er ein tidsperiode som har funne stad, i motsetnad til notid, nett no, og framtida, som kjem til å skje.
Menneske kan ha minne om fortida, og kan koma henne i hug gjennom assosiasjonar, å minnast, draumar og flashback. Dei har registrert henne gjennom munnlege overleveringar og nedskrifter sidan oldtida, og teke henne for seg gjennom historiefaget. Vitnesbyrd frå fortida blir også studert i fag som arkeologi, arkeoastronomi, samanliknande lingvistikk, geologi (historisk geologi), paleontologi, paleobotanikk, paleoetnobotanikk, paleogeografi, paleoklimatologi og kosmologi.
Grammatisk nytter ein ulike teknikkar for å markera fortid, som verbaspektet tempus. På norsk kan ein bruka perfektum og preteritum for å visa til fortidshendingar.[1][2] Kinesisk nyttar derimot ikkje verbaspekt, men tidsord som «i går», «i fjor» eller «for tre timar» sidan for å markera fortid.[3]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Theil, Rolf (6. desember 2021). «perfektum – grammatikk». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ Theil, Rolf (28. oktober 2019). «preteritum». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ Grigg, Hugh (14. april 2013), «Past events in Mandarin Chinese grammar (there's no past tense!)», Chinese Boost (på engelsk), henta 3. mai 2022
- Delar av denne artikkelen bygger på «Fortid» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mai 2022.