Helse Møre og Romsdal HF

Helse Møre og Romsdal HF

Sykehus og helsetjenester

På lag med deg for helsa di!

Om oss

Helse Møre og Romsdal er ein arbeidsstad der du får gode vilkår for både fagleg og personleg utvikling. Det er eit stort mangfald av yrke og stillingar som skal til for å oppfylle visjonen vår om å vere "på lag med deg for helsa di."

Nettsted
http://helse-mr.no
Bransje
Sykehus og helsetjenester
Bedriftsstørrelse
5 001-10 000 ansatte
Type
Offentlig virksomhet

Beliggenheter

Ansatte i Helse Møre og Romsdal HF

Oppdateringer

  • 🎉 Vi gratulerer Heidi Vihovde Sandvig med vel overstått disputas og oppnådd doktorgrad! Ho har no graden ph.d. i medisin og helsevitenskap ved Fakultet for medisin og helsevitenskap ved NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet. 👩⚕️ Sandvig er tidlegare LIS-lege i geriatri ved Kristiansund sjukehus. Ho disputerte torsdag 17. oktober med avhandlinga “The Impact of Systemic Inflammation on Cognitive Function Among Survivors of Ischemic Stroke”. 🤝 Kandidaten sin hovudrettleiar har vore professor Ingvild Saltvedt, NTNU. Kandidaten sine birettleiarar har vore overlege ph.d. Anne Brita Knapskog, Oslo Universitetssykehus og overlege ph.d. Stina Aam, St. Olavs hospital/NTNU. 🧠 Ph.d.-prosjektet er ein del av «The Norwegian Cognitive Impairment After Stroke (Nor-COAST) study» som undersøkjer samanhengen mellom systemisk inflammasjon og kognitiv svikt. 📸: Kim L'Orange Sørenssen, NTNU Norwegian University of Science and Technology (NTNU) NTNU Faculty of Medicine and Health Sciences

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Helse Møre og Romsdal HF la ut dette på nytt

    Vis profilen til Ståle Hoff, grafisk

    Klinikksjef Psykisk helse og rus hos Helse Møre og Romsdal HF

    I dag ble snoren klippet for det nye psykiatri bygget på Hjelset. Det har vært psykiatrisk sykehus på Hjelset siden 1913. Dagens nye psykiatrisenter vil ha 39 ordinære senger og 8 psykiatriske intensiv senger tilpasset pasientenes unike behov. Det er mange involverte som fikk en velfortjent takk i dag for sin innsats, som har ledet oss frem til snorklipping ved administrerende direktør Olav Lødemel. Jeg vil spesielt fremheve de som avdelingssjef Line Lingen trakk frem i sine velformulerte ord- alle våre tolmodige pasienter, pårørende og ansatte som har gitt og mottatt tjenester på en byggeplass siste årene. Utrolig glad og stolt på deres vegne😊 https://lnkd.in/dgTuDc2v

    Psykiatribygget offisielt opna – tilsette leikar gøymsel for å bli kjende i bygget

    Psykiatribygget offisielt opna – tilsette leikar gøymsel for å bli kjende i bygget

    nrk.no

  • Er du ein motiverande, samlande og tydeleg leiar? Vi søker seksjonsleiar Pasientreiser. Vi ser spesielt etter deg som er brennande opptatt av å få fram det beste i den enkelte tilsette, samt ønsker å vidareutvikle det sterke og gode teamet i Pasientreiser. Vi tilbyr ei utfordrande leiarstilling med ansvar og handlingsrom til å vidareutvikle ei godt fungerande teneste. Søknadsfrist 1. oktober - les meir her👇 #pasientreiser #jobb #leder

    Seksjonsleiar Pasientreiser

    Seksjonsleiar Pasientreiser

    7483.webcruiter.no

  • 📕 Boka “Towards Sustainable Good Health and Well-being: The Role of Health Literacy” er no tilgjengeleg i Open Access. Den tek føre seg pasientdeltaking og helsekompetanse for god helse og livskvalitet, samt berekraft i helsetenesta. ✏ Torstein Hole, overlege i kardiologi ved Ålesund sjukehus og professor ved NTNU, og Marit Kvangarsnes, forskingsrådgivar og professor ved NTNU i Ålesund, er redaktørar og forfattarar saman med professor Bodil J. Landstad ved Mittuniversitetet i Østersund, Elise Kvalsund Bårdsgjerde, førsteamanuensis ved NTNU og Sandra Elisabeth Tippett-Spirtou, universitetslektor ved NTNU. 💡 Dei fortel at dei har prøvd å synliggjere korleis helsekompetanse både er viktig for å oppnå berekraftige helsetenester i framtida, og for å utjamne sosiale eller sosioøkonomiske forskjellar i helsetilbod eller bruk av helsetilbod. – Boka består av ei samling av forskingsartiklar, så den skil seg ut frå ei vanleg lærebok i helsekompetanse, forklarar Hole. – Boka er delt i tre delar som belyser helsekompetanse og berekraft i eit historisk perspektiv teoretisk, pedagogisk og empirisk. Siste del av boka har ei samling artiklar som belyser helsekompetanse knytt til ulike grupper. 📣 FN har åtvara om at det er mangel på framgang i å nå berekraftsmåla, noko som påverkar dei fattigaste og mest sårbare menneska i verda. I boka kan ein lese at desse globale utfordringane gjer at behovet for auka nivå av helsekompetanse er meir pressande enn nokon gong. – Særleg i fattige land er helsekompetansen låg, men forsking viser at helsekompetanse er låg også i Noreg. Menneske med låg helsekompetanse vil i mindre grad ha føresetnadar til å gjere gode val når det gjeld eiga og andre si helse. Helsepersonellet må tilpasse informasjon og opplæring til den enkelte pasient eller brukar.  – Folk med låg helsekompetanse søker helsetilbod sjeldnare og nyttiggjer informasjonen dei får frå helseføretaket på ein dårlegare måte. Og spørsmålet her blir jo om vi må endre våre måtar å levere informasjon og opplæring på for å nå nettopp dei med låg helsekompetanse, seier forfattarane. 🤝 Boka er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og NTNU. Vil du vite meir? Heile boka er tilgjengelig på nett her: https://lnkd.in/gfMAAgYW Norwegian University of Science and Technology (NTNU) | NTNU i Ålesund

    Towards Sustainable Good Health and Well-being

    Towards Sustainable Good Health and Well-being

    link.springer.com

  • 🎇 Fantastisk engasjement på Forskningstorget! 🥼 I anledning Forskningsdagene på Campus Kristiansund, hadde vår forskningsgruppe for OCD og angstlidelser en spennende stand. Vi var heldige å ha med oss våre dyktige eksperter: psykolog og stipendiat Thorstein Olsen Eide, psykologspesialist og stipendiat Kristian Tjelle, samt psykologspesialist og leder for forskningsgruppen, Kristen Hagen. 🧲 Vårt tema "Test dine tvangstanker" vakte stor interesse og engasjement blant besøkende. De fremmøte fikk muligheten til å utfordre egne frykter, noe som skapte stor entusiasme blant både liten og stor. Vi er utrolig takknemlige for slike arrangementer som gir oss muligheten til å møte engasjerte barn, ungdom, og voksne, og dele vår kunnskap om psykisk helse. 🎉 Takk til alle som deltok og bidro til å gjøre dette til en suksess! #forskningsdagene2024 #campuskristiansund #ocd #angst #forskinghmr

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • ✨For ein kveld! 🔬 Meir enn 500 elevar frå ungdoms- og vidaregåande skular i regionen fekk eit djupdykk i forskinga si verd på Atlanterhavsparken Akvarium og Vitensenter fredag 27. september. Arrangementet er ein del av Forskningsdagene 2024. 📸 På bileta kan du sjå dei tilsette frå Helse Møre og Romsdal som stod på stand denne kvelden. Her fekk ungdomane prøve både fiskeolje, ultralyd, eit spel for å forstå kunstig intelligens, pluss simulering av ein operasjon! Takk til alle som møtte opp, dette var kjempekjekt! Arrangementet var i samarbeid med NTNU i Ålesund Møreforsking og Hofseth BioCare ASA #researchersnight #forskningsdagene #forskinghmr

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
      + 4
  • Vis organisasjonssiden til Helse Møre og Romsdal HF, grafisk

    3,655 følgere

    Kan du tenke deg å bli ein del av Auge poliklinikk Ålesund? Vi søker overlege i oftalmologi til Ålesund sjukehus. Vi har for tida 6 overlegar og 3 LIS i avdelinga. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid mellom legar, sjukepleiarar, optometrist, ortoptist og merkantilt personell ved seksjonen. Den største aktiviteten er i poliklinikken med polikliniske konsultasjoner. Søknadsfrist 17. oktober - sjekk ut 👇

    Overlege Oftalmologi

    Overlege Oftalmologi

    7483.webcruiter.no

  • Vi gratulerer Kirsti Kverndokk Bjerkan med vel overstått disputas og oppnådd doktorgrad! 🎉💐 Bjerkan er klinisk ernæringsfysiolog ved Ålesund sjukehus. Ho har skreve den artikkelbaserte avhandlinga “The role of pre- and postoperative patient education a decade after bariatric surgery». Ho heldt sjølve disputasen på norsk med tittelen «Når fagkunnskap møter levd liv. Betydningen av pasientopplæring meir enn 10 år etter fedmekirurgi”. Disputasen var avsluttande del av doktorgradsstudiet i Helse- og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling, som blir gitt av Volda University College (HVO) og Molde University College i fellesskap. 👩🎓 Prøveforelesing og disputas fann stad måndag 23. september ved Høgskulen i Volda. I avhandlinga si har Bjerkan utforska betydninga av pasientopplæring gjennom ulike målemetodar (etterleving av livsstilsråd, vekt og vektendring og dessutan bruk av anbefalte vitamin og mineral) hos pasientar som har gjennomført fedmekirurgi for meir enn ti år sidan. Kandidaten sin hovudrettleiar har vore Dag Arne Lihaug Hoff, dr.med (ph.d.), HMR og førsteamanuensis, NTNU, og medrettleiarar har vore Jorunn Sandvik, dr.med (ph.d.), HMR og førsteamanuensis, NTNU og Kjetil Laurits Høydal, professor ved Høgskulen i Volda. 📷 : Steinarr Somerset, Høgskulen i Volda Vil du vite meir om forskingsrelatert aktivitet knytt til Helse Møre og Romsdal? Følg @forsking_hmr på Instagram: https://lnkd.in/dSp_nXDT

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vi søkjer fagdirektør 👍 Som fagdirektør har du ein unik moglegheit til å vere med å påverke utviklinga innanfor våre helsetenester. Fagdirektør sitt ansvarsområde er innafor forsking, innovasjon, kvalitet og pasienttryggleik, samt ulike pasientretta utviklingsprosjekt. Vil du vite meir? Sjekk ut 👇 - søknadsfrist 30. september.

    Vil du vere med og utvikle framtidas helsetenester saman med oss i Helse Møre og Romsdal? | FINN.no

    Vil du vere med og utvikle framtidas helsetenester saman med oss i Helse Møre og Romsdal? | FINN.no

    finn.no

Tilknyttede sider

Tilsvarende sider