Skyss står for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke. Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk og skal sikre at dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester blir nådd.
Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal. På same tid ønsker vi å bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal sikre samanheng i mobilitetstenester til det beste for innbyggarane i Vestland. Derfor møtest menneske med ulik kompetanse og utdanning i Skyss. Vi har om lag 100 engasjerte tilsette med bakgrunn frå mellom anna juss, økonomi, pedagogikk, kommunikasjon, leiing, rådgjeving, statsvitskap, geografi, ingeniørfag og informatikk.
Vi er stolte av å vere ein av landets ledande mobilitetsaktørar og går i tet for å ta i bruk ny teknologi for eit berekraftig mobilitetstilbod. Dette er nødvendig i arbeidet med å gjere Vestland til eit nullutsleppssamfunn i 2030.
Hvis du vil kontakte oss, bruk gjerne skjemaet du finn på https://www.skyss.no/hjelp-og-kontakt/kontakt-oss/kontaktskjema/
Vi ber om at du ikkje deler sensitive personopplysningar dersom du skriv til oss her i LinkedIn. Vi syner elles til personvernerklæringa vår: https://www.skyss.no/hjelp-og-kontakt/vilkar-og-personvern/personvernerkl%C3%A6ring/
-
Bransje
-
Kollektivtransporttjenester i byområder
-
Bedriftsstørrelse
-
51–200 ansatte
-
Hovedkontor
-
Bergen, Vestland
-
Type
-
Offentlig virksomhet
-
Grunnlagt
-
2007