Endeleg er alle tilsette på Leikanger samla under same (solcelledekte) tak! Det var ein stor dag i dag då alle møtte kollegaene sine igjen i det rehabiliterte fylkeshuset 🤝☀️👩💻 Sidan fylkessamanslåinga i 2020 har dei nær 250 fylkeskommunalt tilsette på Leikanger vore splitta på først to, og no det siste halvanna året, fire ulike stadar. Men no i dag – 24.10.24 – flytta alle inn i same, klimavenlege hus 💚🧱 – Det blir kjekt å få meir fellesskapskjensle når vi no blir samla. Dei midlertidige kontorlokala bar litt preg av at vi var «på besøk», og at det var litt tilfeldig kven som var der. Her blir vi meir del av ein arbeidsplass, fortel Tine Sille Svendsen i seksjon for plan, klima og analyse. Fylkeshuset frå 1989, som på utsida ser ganske likt ut, har fått seg ei totaloverhaling. Vi flyttar inn i eit moderne kontorbygg, med arbeidsstasjonar i minilandskap, enkeltkontor, møterom og sosiale soner. No ser vi fram til å ta huset i bruk for alvor med alt det inneber for det fylkeskommunale fellesskapet på Leikanger når det gjeld samhandling og kort veg mellom kollegaer 👌 – Dette er ein stor dag for både Vestland fylkeskommune og Leikanger. Endeleg får alle plass under same tak, skal ha lunsj i same kantine, og kan ta i bruk alle fasilitetane huset byr på saman. Vi skal ta ut mange gevinstar med dette bygget, der grunnlaget er eit godt arbeidsmiljø i gode omgjevnader. Med kort veg mellom kollegaer betrar vi samhandlinga. Med energieffektive og klimavenlege løysingar har vi redusert energitapet med 50 prosent gjennom rehabiliteringa. Eg er sikker på at dette får mykje å seie for det fylkeskommunale fellesskapet på Leikanger, seier fylkesordførar Jon Askeland 🎉 Les meir 👇 https://lnkd.in/dCHDK2jQ
-
-
-
-
-
+ 1