Fjord1 AS

Fjord1 AS

Sjøtransport

Best på miljøvennleg og påliteleg transport.

Om oss

Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, i tillegg driv vi med passasjerbåt, catering og reiseliv. I den norske ferjenæringa er Fjord1 det leiande selskapet med 16,2 millionar reisande i året. Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der miljøkrav i dagens anbodskontraktar set krav til nullutslepp og ny infrastruktur på land. Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Nettsted
https://www.fjord1.no
Bransje
Sjøtransport
Bedriftsstørrelse
1 001-5 000 ansatte
Hovedkontor
Florø
Type
Privateid selskap
Grunnlagt
1853
Spesialiteter
Ferjer, Transport, Rutebåt, Sjøtransport, kompetanse, det grønne skiftet, elektrifisering, hurtigbåt, lokalbåt, catering, reiseliv, nybygg, ombygging, rekruttering, økonomi , berekraft, anbod, utvikling , sikkerheit, HMS

Beliggenheter

Ansatte i Fjord1 AS

Oppdateringer

  • Vis organisasjonssiden til Fjord1 AS, grafisk

    4,708 følgere

    🌟Innovasjon og nybrotsarbeid: Bygginga av verdas første autonome ferjer er i gong!👏 Fredag 11. oktober markerte ein stor milepæl for oss i Fjord1, då bygging av dei autonome ferjene til Lavik-Oppedal starta med stålkutting til første fartøy!💥 Desse ferjene vil bli dei første i verda som kan operere heilt sjølvstendig utan menneskeleg inngripen. 🚢 – "Dette er eit svært spennande og nyskapande prosjekt, og det kjennest godt å vere i gong på verftet," seier prosjektleiar Asbjørn Røyrvik. Autonomien på ferjene vil kunne handtere alt frå å legge frå kai, krysse fjorden, og legge til kai igjen, i tillegg til automatisert styring for både om bord- og ilandkøyring. Alt vil bli nøye overvaka frå vårt nye kontrollsenter i Florø, som sikrar trygg og effektiv drift. ✔️Alle ferjene skal etter planen vere klare for levering i løpet av første halvår 2026. #Fjord1 #innovasjon #autonomdrift #maritimteknologi

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Fjord1 AS, grafisk

    4,708 følgere

    Fjord1 si avdeling for Teknisk Driftsstøtte er styrka med tre nytilsette medarbeidarar i haust👇 👨💻Jon-Anders Nygård, prosjektingeniør elektro/automasjon 👷♂️Bjørn Erik Haveland, inspektør landanlegg 🕵♂️Lars Kristian Klubben, inspektør landanlegg - Med desse stillingane rustar vi avdelinga for ei ny organisering av landanlegga frå nyttår. Tettare oppfølging av vedlikehald og gjennomføring av tilstandskontrollar vil auke stabilitet og gje enda betre resultat, fortel Geir Hillersøy, leiar for Teknisk Driftsstøtte. Mykje spennande arbeid i vente her- vi ønskjer alle tre velkommen!🤝

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Fjord1 AS, grafisk

    4,708 følgere

    I dag er verdsdagen for psykisk helse. I ei verd som stadig opplevast uroleg, er det viktigare enn nokon gong å ta vare på kvarandre og vise omtanke🫶.   Det å ha ein arbeidsplass å gå til med gode kollegaer som er der for kvarandre – det er det mykje god psykisk helse i! ❤️ Det å bli verdsett og behandla med respekt når du er på jobb, er også mykje god helse i.   👋 Så her kjem ei oppmoding og påminning: Følg ferjevettreglane når du er på reis - både for deg sjølv og mannskapet!   Saman kjem vi oss trygt over fjorden⚓️Takk for at du bryr deg ❤️. #ferjevettreglane #verdensdagenforpsykiskhelse  

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Fjord1 AS, grafisk

    4,708 følgere

    🚢 Velkommen til Fjord1, Regine Midtbø Gausemel!    Vi er stolte over å ønskje Regine velkommen som ny HR-rådgjevar! 🎉Ho får det viktige ansvaret for rekruttering i heile selskapet - i tillegg til marknadsføring mot utdanningsinstitusjonar og utvikling av onboarding-program for nye medarbeidarar.   Med god erfaring som rekrutteringsrådgjevar i Randstad, ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon med spesialisering i marknadsføring, og eit skarpt blikk for talentutvikling, er Regine klar for å møte utfordringane i næringa – og ikkje minst behovet for å få rett kompetanse på rett plass🌟. Dette blir spennande, velkommen til oss Regine! 🙌

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Fjord1 AS, grafisk

    4,708 følgere

    Vi ønskjer Marius Benserud velkommen som ny operativ leiar!🎉 I rolla som operativ leiar vert Marius ansvarleg for den daglege drifta av fleire ferjesamband på Vestlandet. Med meir enn 15-års erfaring innan leiing og nautikk frå Sjøforsvaret, inkludert utdanning fra Sjøkrigsskolen og ein MBA i strategisk leiing og økonomi, bringer han med seg verdifull ballast. – Eg er veldig glad for å bli ein del av Fjord1 og ser fram til å bli kjent med masse flotte sjøfolk i tida framover. Her skjer det mykje spennande innan både teknologisk utvikling og optimalisering av drifta, og eg gleder meg til å bidra, seier Marius. Velkommen til Fjord1!👏

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Fjord1 AS, grafisk

    4,708 følgere

    🎉Vi ønskjer Karoline Jakobsen Stavang velkommen til Fjord1!    Karoline hadde sin første arbeidsdag som servicesenter medarbeidar mandag denne veka. Ho kjem frå stilling som sikkerheitskontrollør ved Florø lufthamn og har solid erfaring innan sal, service og sikkerheit🛡️. 👩💻 I Fjord1 vil oppgåvene dreie seg rundt administrative oppgåver, arrangement, sentralbord og kundehandsaming - så om du ringer sentralbordet, så er det kanskje Karoline du møter i andre enden!📞 Vi er glade for å ha Karoline på laget vårt, og håpar ho vil trivst! 😀

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Fjord1 AS, grafisk

    4,708 følgere

    Velkomen til Fjord1, Mads Vinje Rasmussen!👋 Vi er glade for å ønskje Mads velkommen som vår nye systemforvaltar for Business Intelligence💡. Med bakgrunn som BI-konsulent og ekspert på Power BI, er vi sikre på at han vil gjere ein forskjell hos oss😃. - Eg ser fram til å bli kjent med nye kollegaer, lære mykje og å ta fatt på nye utfordringar. Fjord1 er eit spennande selskap i ein interessant bransje. Selskapet verkar framoverlent og tidleg ute med ny teknologi, noko som er spesielt tiltalande, seier han. ⛴ 👨💻 Vi gler oss til å sjå kva framtida bringer med Mads på laget! #Fjord1AS #rekruttering #IT

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Fjord1 AS, grafisk

    4,708 følgere

    🎉 Stort grattis til Arne Olai Midtbø med fast stilling som prosjektleiar nybygg i Fjord1! 🎉 Arne Olai har nettopp avslutta sin mastergrad i Marin Teknikk frå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) med toppkarakter 💥 – ei imponerande masteroppgåve om innovativt design av ferjeskrog⛴ . Gjennom samarbeidet med Fjord1 har han ikkje berre levert eit solid analysearbeid, men og vist korleis akademia og industri kan dra nytte av kvarandre☝.   Etter fleire år som sommarvikar i teknisk avdeling, er det ingen overrasking at Arne Olai no tek steget direkte frå skulebenken til ei fast stilling i selskapet.  Vi gleder oss til å følgje deg framover🌟

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Fjord1 AS, grafisk

    4,708 følgere

    Bli kjend med vår nytilsette IT-sikkerheitsrådgjevar, Simen Ryland Førde!🎉⚓ Etter 18 år i Bergen og ei lang karriere i Telenor, har Simen flytta tilbake til heimbyen Florø. Med i bagasjen har han ein solid bakgrunn innan informasjonsteknologi og programmering. Hans verdifulle erfaringar frå ulike stillingar innan leiing, som driftsingeniør og som systemforvaltar, kjem også godt med i den nye stillinga🌟 IT-leiar Ørjan Midttun er glad for å ha Simen på plass: - Vi er veldig glade for å få Simen med på laget, der han går inn i ei viktig rolle knytt til arbeidet med Cybersikkerheit. Dette er eit viktig område å styrke med omsyn til dei strenge krava vi må etterleve i Lavik - Oppedal prosjektet. Velkommen til Fjord1!🎉 #Fjord1 #nytilsatt #kompetanse #rekruttering

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Fjord1 AS, grafisk

    4,708 følgere

    Er du på jakt etter ein spennande jobb i eit framtidsretta selskap? ⚓Vi har eit breitt spekter av stillingskategoriar, både på sjø og land! 🛳 💻 Vår visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport 🌱 Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane. Bli vår nye kollega!✨ Sjå oversikta over våre stillingar her: https://lnkd.in/d2652Mdc #Fjord1as #rekruttering #jobbifjord1

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet

Tilsvarende sider

Finansiering

Fjord1 AS 1 av runde

Siste runde

Egenkapital etter børsnotering
Se mer informasjon på Crunchbase