Forsidebilde av Vestland fylkeskommunes
Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune

Offentlig administrasjon

Bergen, Vestland 8 779 følgere

Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.

Om oss

Vi arbeider for alle innbyggjarar i Vestland! Vi har blant anna ansvar for vidaregåande opplæring, tannhelse, fylkesvegar, kollektivt, klima og miljø, friluftsliv, kultur og mykje meir 🏫🦷🛣️♻️🎭 Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar gjekk saman og blei Vestland fylkeskommune 1. januar 2020.

Nettsted
http://vestlandfylke.no
Bransje
Offentlig administrasjon
Bedriftsstørrelse
5 001-10 000 ansatte
Hovedkontor
Bergen, Vestland
Type
Offentlig virksomhet
Grunnlagt
2020
Spesialiteter
opplæring, næringsutvikling, videregående skole, fylkesvei, kollektiv, kultur, tannhelse, økonomi, administrasjon, politikk, klima, folkehelse, akriv, dokumentasjon

Beliggenheter

Ansatte i Vestland fylkeskommune

Oppdateringer

  • 110 000 unge står utanfor jobb og utdanning i Noreg i dag. Samtidig seier 61 % av bedriftene i Vestland at dei ikkje får tak i nok folk med rett kompetanse. 🚨Dette heng ikkje saman. Det må vi gjere noko med! Vestland fylkeskommune, WorldSkills Norway og opplæringskontora inviterer til ein kveld kor vi skal høyre om og diskutere tema som arbeidskraftbehov, demografiutvikling og utanforskap. 🔹 𝗘𝗿 𝗱𝘂 𝗮𝗿𝗯𝗲𝗶𝗱𝘀𝗴𝗷𝗲𝘃𝗮𝗿? Korleis kan du bidra til å gje unge ein veg inn i arbeidslivet, og samtidig sikre deg framtidas kompetanse? 🔹 𝗝𝗼𝗯𝗯𝗮𝗿 𝗱𝘂 𝗶 𝘀𝗸𝘂𝗹𝗲𝗻? Kva kan vi gjere for å gje fleire elevar relevant kompetanse og ein sterkare tilknyting til arbeidslivet? 🔹 𝗘𝗿 𝗱𝘂 𝗽𝗼𝗹𝗶𝘁𝗶𝗸𝗮𝗿 𝗲𝗹𝗹𝗲𝗿 𝗷𝗼𝗯𝗯𝗮𝗿 𝗺𝗲𝗱 𝘀𝗮𝗺𝗳𝘂𝗻𝗻𝘀𝘂𝘁𝘃𝗶𝗸𝗹𝗶𝗻𝗴? Kva konkrete tiltak kan sikre at færre unge faller utanfor, og at bedriftene får den kompetansen dei treng? Vi utfordrar deg til å vere ein del av løysinga! Bli med på ein kveld med innsikt, debatt og handling. 📅 𝗡å𝗿? 1. april 2025  📍 𝗞𝗼𝗿? Førde 👉 𝗘𝗿 𝗱𝘂 𝗸𝗹𝗮𝗿 𝗳𝗼𝗿 𝘂𝘁𝗳𝗼𝗿𝗱𝗿𝗶𝗻𝗴𝗮? Meld deg på no: https://lnkd.in/dp6RH3KE Og rosina i pølsa? 🌭 Arrangementet er samtidig som Yrkes-NM kor du kan sjå Noregs beste elevar konkurrere i over 20 yrkesfag!

  • Vestland blir internasjonal arena for testflygingar med elfly! ✈️⚡ - Vestland er ein ideell testarena. Her vil de finne eit framoverlent næringsliv og løysingsorientert offentleg sektor som ønskjer å grønne på! Hjarteleg velkommen til samarbeid. Det sa fylkesordførar Jon Askeland då flyprodusent BETA TECHNOLOGIES, operatør Bristow Norge AS (Bristow Group), Avinor og Luftfartstilsynet signerte ein historisk avtale om Noreg som internasjonal testarena for null- og lågutsleppsluftfart 🤝 🛫Allereie hausten 2025 startar testflygingane mellom Bergen og Stavanger med elfly. Testflygingane blir med eit cargofly utan passasjerar. Fleire sentrale aktørar frå politikk og næringsliv deltok på samlinga på Flesland. Fylkesordføraren nytta moglegheita til å komme med ei utfordring til samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. - Eg utfordrar deg til å komme med ei utviklingskontrakt for neste steg mot passasjertransport med elfly. Det offentlege må nytte innkjøpsmakta. Dette kan gi same suksess som elektrifisering av ferjene, kor Hordaland og Vestland skapte ein marknad og eit eksporteventyr. Regjeringa har i 2025 løyva 50 millionar kroner til å etablere Noreg som internasjonal testarena for innfasing av null- og lågutsleppsluftfart. Dette som første steg i oppfølginga av nasjonal transportplan 2025-2036 som har prioritert 1 milliard kronar til dette formålet i planperioden. 🔍Vestland fylkeskommune har over fleire år jobba mot null- og lågutsleppsluftfart. Allereie i 2020 lanserte vi ein satsing på fly med nullutslepp. Les meir om Vestland fylkeskommunes arbeid her: https://lnkd.in/dAKHiqja Foto: Lasse Kolbjørn Anke Hansen/Vestland fylkeskommune og Cecilie Framholt/Avinor

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Mat- og restaurantbransjen - sjå her! 👋 Ti nye faglærte kokkar er klare for Bergens arbeidsmarknad! 🧑🍳🍲🍣 Bergen har lenge hatt behov for faglærte kokkar. Derfor satt vi i gang eit samarbeid om kokkefag for vaksne innvandrarar saman med Nav og ein rekke arbeidsgivarar – nemleg Sandslimodellen. Opplæringa er komprimert, med ekstra norsk som ein integrert del av både språk- og fagopplæringa. No skal altså dei nyutdanna kokkene på jobbjakt. Vi ønskjer dei lykke til og håper bransjen tar dei godt i mot! 🤞 🔍Vi besøkte kokkane i 2022. Les saka her: https://lnkd.in/gvS7Qxx8 Foto: Nav.

    • Ti personer står oppstilt sammen mens de jubler.
    • To kvinner sitter ved et bord.
    • Mann viser fram mobilen sin med bilder av mat.
    • Ti personer med hver sin rose i hånden.
  • Vestland fylkeskommune la ut dette på nytt

    🌟 Smak litt på denne: I Vestland går det folk om bord i buss, båt og bybane over tre hundre tusen gonger i døgnet! 📊 Statistikken vår viser at vi totalt hadde 92,7 millionar påstigingar i kollektivtrafikken i 2024. På kvardagar er det i snitt 306 000 påstigingar. 🏙️ Av alle kollektivreisene i Vestland, skjer meir enn 9 av 10 i bergensområdet. Reisetala aukar stadig, og i Bergen og omegn var det så mykje som ti tusen fleire påstigingar kvar dag enn året før. 🌳 Kollektivtrafikken speler ei ekstremt viktig rolle i trafikkavviklinga i byområdet, fordi den sikrar betre framkomst for alle. Med så mange daglege reisande er det vanskeleg å sjå for seg korleis bergensområdet ville fungert utan #kollektivtrafikk. 🔎 Fleire tal frå året som gjekk kan du sjå her: https://lnkd.in/dkuzRyfM Vestland fylkeskommune Bybanen AS

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Kva konsekvensar får ein ny veg, ei bru eller eit nytt bygg på ein vidaregåande skule for naturtypar og artar? Vestland fylkeskommune har for første gong kartlagt naturkonsekvenser av investeringar 🛣️🌲 Målet er at det skal vere like naturleg å ha oversikt over naturkonsekvensar, som over pengebruk og klimagassutslepp. Fylkeskommunen har i første omgang kartlagt utvalde investeringar innan eigedom- og vegsektoren, seks vegprosjekt og ein vidaregåande skule som treng meir areal. På sikt er planen å utvide vurderinga av naturkonsekvensar både innan desse sektorane og for fleire sektorar i fylkeskommunen. Men kva er det eigentleg som er kartlagt? Kva er ein naturkonsekvens? 🤔 🌱For det første er det ei oversikt over kor mykje areal fylkeskommunen legg beslag på, og kva arealtypar det er der. 🌱Men også kva naturtypar det er, om dei er raudlista eller utvalde naturtypar og kva raudlista artar som er observerte og registrerte i området. 🌱I tillegg er det sett på kva naturtype som ligg i ei 50 meter buffersone rundt prosjektet, altså kva natur rundt vegane og bygga som blir påverka. Klima og natur eitt av fire satsingsområde i den nye utviklingsplanen fylkestinget vedtok i desember 2024. Ein av ti strategiar er at «Vestland skal forvalte natur-, landskaps- og kulturverdiar i eit langsiktig perspektiv, og følgje opp Montrealavtalen frå 2022». 🗺️Les meir og sjå kart over naturkonsekvensane for seks vegprosjekt her: https://lnkd.in/du7Nc6Hk Foto: Heidi Ravnestad/Vestland fylkeskommune.

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Unge ser til reiselivsbransjen! ✈️🏨🌍 📈På få år har Sal, service og reiselivs-linja på Os vidaregåande skule vekse til det dobbelte. Og det aukar. Fleire står på venteliste for å få plass. Då assisterande rektor Harald Natvik såg seg om etter ein plass å ha fagdag opna Scandic Ørnen dørene sine gratis, og dei blei ein del av programmet for å fortelje om korleis det er å vere lærling hos dei. – Vi opplever meir fokus på reiseliv. Dei som er motivert for eit internasjonalt yrke søker seg til oss. Innanfor reiseliv er det naturlig å samarbeide med private. Derfor er det fint å ha fått med seg fleire hotellkjeder som Hotell Norge, De Bergenske og Radisson Blu Royal Hotel Bergen, seier Natvik. I tillegg var Widerøe med digitalt for å fortelle korleis det er å gå i lære hos dei, POWER Norge AS har butikkar i fire land og kan tilby mange læreplassar og JYSK har behov for lærlingar innan administrasjon- og salsfaget. Forsvaret - Norwegian Armed Forces var også på plass og er Noregs største lærebedrift. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune.

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Bli med å tilby sommarjobb i 2025! ☀️👋 Dei siste åra har det vore ein nedgang i talet på bedrifter som tilset sommarvikarar. Samtidig veit vi at 7000 ungdommar i Vestland står utanfor utdanning og arbeidsliv. For ungdommar kan ein sommarjobb vere ein døropnar for vidare utdanning og jobb 🤝 Derfor har Vestland fylkeskommune, NHO Vestland og Nav lansert nettsida "Sommarjobb i vest" (https://lnkd.in/d2XNkWUV) og oppmodar verksemder i fylket til å melde inn kva sommarjobbar dei tilbyr. — Vi treng fleire folk inn i arbeidslivet i alle sektorar framover. Vi må alle ta det taket og jobbe på alle flater for å styrke rekrutteringa til arbeidslivet. Vi oppmodar til dugnad for å tilsette endå fleire unge i sommarjobb, seier fylkesordførar Jon Askeland. ✌️Det er superenkelt å bli med: 1️⃣Lag ein attraktiv stillingsutlysing og legg som vanleg ut på nav.no 2️⃣Nedst i stillingsteksten din legg du til #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest. Då fangar vi den opp, og han blir automatisk overførte til sommarjobbivest.no og kampanjen. Vestland fylkeskommune skal i år lyse ut over 100 sommarjobbar! Kor mange kan din bedrift tilby? 😏 "Sommerjobb i vest" er støtta av Fana Sparebank, Sparebanken Vest og SpareBank 1 Sogn og Fjordane.

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Kommunal- og forvaltningskomiteen er på besøk i Vestland måndag 13. og tysdag 14. januar. Det første stoppet var hos fylkeskommunen i Vestlandshuset i Bergen. Her vart det orienteringar ved både fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Vestland. - For å seie det veldig enkelt, enten lukkast Vestland eller så lukkast ikkje Noreg - det er Jonas sine ord kvar gong han er her og snakkar. De er altså i det viktigaste verdiskapingsfylke og det største eksportfylket. Saman med Rogaland og Møre og Romsdal er veldig mykje av landets inntekter skapt i desse fylka. Då er det viktig at vi har ein effektiv offentleg administrasjon som gjer at næringslivet lukkast kvar bidige dag. Det er oppdraget vårt, at vi skapar gode bumiljø og lokalsamfunn der det er arbeid, og legg til rette for verdiskaping, opna fylkesordførar Jon Askeland. Han presenterte «suksessen Vestland», og snakka om regional utvikling, næringsarbeid, inkludering og utanforskap, kollektiv og samferdsle, fylkesøkonomi og administrative innsparingar. Etter orienteringa fekk fylkesordføraren spørsmål om blant anna arbeidet med utanforskap og mangelen på arbeidskraft, digitalisering, finansiering av ferjer og hurtigbåt og omlegging til elektrifisering, grøn næringsutvikling, tannhelsestruktur og kraftindustri. Tre kommunar deltok under møtet i Vestlandhuset: Frå Bergen stilte byrådsleiar Christine Meyer for mellom anna å fortelje om korleis det auka presset på kommunale oppgåver slår ut for kommunen. Anstrengt kommuneøkonomi var tema for Askøy, og Bømlo kommune snakka om aktiv næringspolitikk og utvikling i Sunnhordland. Komiteen reiste nordover i fylket måndag ettermiddag. Her skal dei blant anna til Solund, der temaet ferjeavløysingsordninga og det store ferjeavløysingsprosjektet Ytre Steinsund bru. Fylkesordførar Jon Askeland deltek begge dagane.

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
      + 3
  • For ein pangstart på 2025! 💥😮💨 Over 300 politikarar og representanter frå både offentleg og privat sektor i Vestland fylte Peer Gynt-salen i Grieghallen under det årlege Vestlandsmøtet i regi av fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davies. Årets tittel var «Korleis trygge Vestland i ei uroleg tid?». Tema som utanforskap i arbeidslivet, inkludering i idrett, distriktspolitikk og kva vi treng av kvarandre blei diskutert. - Vi spurde: Korleis trygge Vestland i ei uroleg tid? Svaret ligg i oss, i innsatsen vår og vår vilje og evne til å samarbeide, sa Askeland. - Vi ønsker alle å løfte Vestland, det er berre eit spørsmål om korleis, og det fekk vi gode diskusjonar på i dag. Vi kan minne oss på, at når vi først er einige om å løfte Vestland, er vi ei enorm kraft. Det håpar eg vi tek med oss, og at vi jobbar saman om det vi er einige om, oppsummerte Davies. 🤔 Nysgjerrig på meir? Sjå heile møtet her: https://lnkd.in/dAGHHak8 Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune.

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
      + 8

Tilsvarende sider