Avdeling for Patologi ved Haukeland universitetssjukehus har inngått eit samarbeid med det britiske firmaet Histofy for å utvikle eit verktøy basert på kunstig intelligens (KI) som vil effektivisere diagnostikk av tarmpolyppar. Tarmpolyppar er små utvekstar i tjukk- eller endetarmen som kan utvikle seg til kreft over tid. Prosjektet vil teste og integrere KI-verktøyet i den daglege diagnostikken av tarmpolyppar ved å raskt identifisere polyppar som krev tett oppfølging eller kirurgisk behandling. Dette vil gjere det enklare for patologane å prioritere pasientar med behov for rask behandling, slik at dei som treng det mest, får hjelp først. https://lnkd.in/dNmYiFPA
Om oss
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har om lag 12 000 tilsette som kvar dag har som mål å gi best muleg behandling og pleie til pasientane våre. Våre tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste. Kvart år behandlar vi om lag 800 000 pasientar og vi utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er Noregs nest største medisinske forskingsmiljø. Vi har dessutan ei rekkje kompetansesenter og spesialfunksjonar både på nasjonalt og regionalt plan. Budsjettet vårt er på om lag 11 milliardar kroner. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.
- Nettsted
-
http://www.helse-bergen.no/
Ekstern lenke til Haukeland universitetssjukehus
- Bransje
- Sykehus og helsetjenester
- Bedriftsstørrelse
- 10 001+ ansatte
- Hovedkontor
- Bergen
- Type
- Åpent aksjeselskap
- Grunnlagt
- 1912
Beliggenheter
-
Primær
Jonas Lies vei 65
Bergen, 5021, NO
Ansatte i Haukeland universitetssjukehus
Oppdateringer
-
Sist veke gjekk den 3. pasientsikkerhetskonferansen i Helse Bergen av stabelen, og denne gongen var tema «Ein god dag på jobben». Eit stort tema, som kan romme så mangt, og det gjorde det verkeleg. Marco Elsafadi sette tonen med eit inspirerande innlegg om korleis vi påverkar kvarandre, både som kollegaer og i forholdet mellom helsepersonell og pasient. Ein viktig påminnar om at måten vi vel å vere på kan ha innverknad på både arbeidsmiljø og pasientsikkerheit. På veggar og tavler i konferansesenteret Bikuben var det posterar med små og store kvalitetsforbetringsprosjekt frå ulike delar av sjukehuset , og på scenen var det innlegg frå både klinikk, brukarar og verneteneste. Alle med ein felles, raud tråd: Korleis kvalitetsforbetringsarbeid kan føre til betre dagar på jobb. Med rundt 400 deltakarar på scene, i sal og via skjerm, er Helse Bergen sin pasientsikkerhetskonferanse ein unik arena for å dele gode idear og erfaringar på tvers. Og ein unik anledning til å bli inspirert, engasjert – og ha ein skikkeleg god dag på jobb!
-
Kan du tenke deg eit år som koordinator ved Regionalt senter for kjønnsinkongruens i Vest? Senteret tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging for personar opp til 18 år som opplever kjønnsinkongruens. Vi er i tett samhandling med fastlegar og kommunale helsetenester, og har god dialog med brukarorganisasjonane. https://lnkd.in/dh8pwQcv
Koordinator i Regionalt senter for kjønnsinkongruens i Barne- og ungdomsklinikken - 1 års vikariat
5196.webcruiter.no
-
Er du Kvinneklinikken sin nye direktør? Kvinneklinikken skal gi eit fagleg høgverdig tilbod innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar i vårt opptaksområde. Vi er den nest største føde/barseleininga i Noreg, med mellom 4000 og 4500 fødslar i året. Vi har ei stor gynekologisk avdeling med regionansvar for og eit breitt tilbod innan behandling av gynekologiske sjukdommar. No søker vi ein inspirerande og involverande leiar som kommuniserer godt, er tydeleg, samlande og har god oversikt over fagfeltet.
Direktør til Kvinneklinikken
5196.webcruiter.no
-
JOIN US: The Department of oncology and medical physics at Haukeland University Hospital (HUS) in Bergen, Norway, has a vacancy for a research fellow (PhD position) within range verification and adaptive proton therapy. The position is for a fixed-term period of 3 years and is subject to financing by the European Innovation Council (EIC) through the NOVO project (www.novo-project.eu).
PHD Research Fellowship in proton therapy
5196.webcruiter.no
-
Sammen med gode samarbeidspartnere på Vestlandet arrangerer Haukeland Universitetssjukehus konferanse om digitalisering i helse. Sjekk ut programmet og meld deg på!
Velkommen til DigitalHelse 2024!! 29. - 30. mai inviterer Alrek helseklynge Western Norway University of Applied Sciences og Haukeland universitetssjukehus og gode samarbeidspartnere konferanse i Bergen med faglig påfyll, ny kunnskap, erfaringsdeling, oppdatering om hva som rører seg, sosialt samvær, nye bekjentskaper mm for alle dere som er opptatt av digitalisering og helse. Sjekk ut programmet og meld deg på! https://lnkd.in/dmpW6_fA Alrek helseklynge Haukeland universitetssjukehus Western Norway University of Applied Sciences Bergen kommune University of Bergen (UiB) University of Stavanger HelseCampus Stavanger Stavanger University Hospital Stavanger kommune Forhelse - Forskningssenter for digitale helsetjenester - SFI Eitri Norwegian Smart Care Cluster Helse Vest IKT
DigitalHelse2024 - Alrek
alrekhelseklynge.no
-
Forsker du på digitalisering i helse- og omsorg? Da vil vi høre fra deg!
Vi trenger mer kunnskap om hvilken effekt digitalisering har på helse- og omsorgstjenester, og hvordan vi kan bruke digitalisering for å utvikle fremtidens helsetjenster. DigitalHelse 2024 arrangeres i Bergen 29. og 30. mai 2024, og vi har en helt egen forskningskonferanse i konferanse (for et kinderegg!) som er dedikert til deling av kunnskap på dette viktige feltet. Fristen for å sende inn abstracts er 21. mars. https://lnkd.in/dmPe98nz
Forsker du på digitale helsetjenester? Da vil vi høre fra deg! - Alrek
alrekhelseklynge.no